Ved å inngå samarbeid med Vest Rekneskap skal kunden vere trygg på at dei knyter seg til ein profesjonell medarbeidar. Vi forpliktar oss til å opptre ihenhold til kjerneverdiane våre;
- Kompetanse
- Kvalitet
- Service
- Profesjonalitet
Kompetanse; vi meiner at vår breie formelle og erfaringsmessige kompetanse er eit konkurransefortrinn. Mange av våre tilsette er autoriserte rekneskapsførarar og våre kundar vil merke dette ved at tenestene vi tilbyr har høg kvalitet.
Kvalitet; vi stiller store krav til oss sjølve og våre tenester. Våre tenester skal vere av høg kvalitet. Dette oppnår vi gjennom den beste programvaren på marknaden, sterk kompetanse, god service og god internt organisering
Service; vi er i ein servicebransje og er innforstått med at våre kundar sin oppfatning av oss, er avhengig av kva service vi yter. For oss er god service at vi er tilstades når kundane treng oss, at vi overheld tidsfristar og at vi har ein tydeleg og god kommunikasjon. God service er å ta vare på kunden og opptre profesjonelt.
Profesjonalitet; Vest Rekneskap er tilbydar av profesjonelle tenester og innehar ein kompetanse som er etterspurt og høgt verdsett i næringslivet. Vi er oppriktig engasjert og interessert i vårt arbeid og våre kundar si utvikling. Vi skal vere tilgjengeleg og levere fleksible løysingar tilpassa kvar enkel kunde.
Vest Rekneskap vil vere ein ressurs for deg.
Sjå på oss som din profesjonelle medarbeidar.