Forside

Vest Rekneskap er eit autorisert rekneskapsførarselskap med kontor i Førde i Sunnfjord. Vår verksemd er rekneskapsføring, rådgjeving og administrative konsulenttenester.

Vårt fagmiljø skal vere stort nok til å dekkje dine behov innan rekneskap og økonomisk rådgjeving, samtidig som vi ønskjer å vere små nok til at vi beheld den personlege nærleiken til deg som kunde.

Vest Rekneskap blir no Admento Sunnfjord – dei same folka, fleire moglegheiter!

Nyheita om at Vest Rekneskap har fått nye eigarar og dermed blir ein del av Admento, har vore ute ei lita stund. Dette gir deg som kunde fleire moglegheiter og tilgang på endå meir kompetanse, innan område som mellom anna HR, integrasjonar, rådgjeving og ERP-system. Dette vil styrkje teamet – og sikrar i endå større grad at vi kan gi deg som lokal kunde støtte i fleire ting.

Dei komande vekene byter vi utsjånad, noko som inneber at Admento-logoen blir å sjå både på våre lokasjonar og i kommunikasjon frå oss. Vi vil òg ta i bruk nye e-postadresser snart, så heretter vil du få svar frå oss frå admento.no-adresser. (Men e-postadressa du er van med å bruke, vil framleis fungere.)

Kva betyr dette for deg som kunde?
Bortsett frå at vi endrar utsjånad og namn, vil vi framleis vere dei same dyktige folka. Du vil framleis ha kontakt med den eller dei same personane du har i dag, og den same kvaliteten du er van med, vil framleis bli levert. Det er viktig for oss å presisere at vi framleis skal ha ei sterk lokal forankring, då vi veit det er viktig for deg og di verksemd.

Nysgjerrig på dei nye moglegheitene som no byr seg?
Då tek du kontakt med den du har løpande kontakt med hos oss, så sikrar vi at du får innsikta du treng.
Les pressemeldinga om våre nye eigarar her.