Vest Rekneskap er opptekne av å levere elektroniske løysingar som frigjer tid og gjer arbeidsprosessar tidssparande. Vi har siste 10 åra brukt Uni Micro V3 som vårt rekneskapssystem og i 2017 kåra Regnskap Norge dette programmet til det nest beste rekneskapssystemet blant sine medlemmer.
I 2018 har vår leverandør utvikla eit program som heiter Uni Economy. Dette programmet er 100% skybasert med automatikk som utfører deler av jobben for deg. Systemet er klart til bruk, alltid oppdatert og tar vesentlig mindre konsulenttid med å sette opp i oppstartsfasen. Vest Rekneskap tok i bruk Uni Economy straks det vart lansert og er stolte over å no vere sertifisert Uni Partnar. Dette gjer at vi kan skreddarsy eit tilbod for di bedrift til rabatterte prisar, der du som kunde forheld deg til oss som både rekneskapsførar og programvareleverandør.
Her er 12 gode grunnar til at vi bruker og tilråder Uni Economy.
- Vi opplever eit brukarvenleg og godt design
- Enkel oversikt over prosessar, logisk oppbygde menyar
- Beste økonomisystem på åpent API og integrasjonsmuligheter
- Enkel import og eksport via excel (kundar, leverandørar, varer, hovedbok, transer/bilag mm.)
- Godt utbygd og integrert lønnsmodul
- Låg transaksjonsprising, spesielt på lønnsslipp
- Lagt til rette for effektivt samarbeid mellom kunde og rekneskapsbyrå med til dømes god chatmulighet på bilags- og oppgåvenivå
- Velutvikla app, også når det gjelder tilbud, ordre, faktura.
- God flyt og konteringsforslag på inngåande faktura
- Repeterande fakturering, med automatisk fakturadistribusjon.
- Har ein god løysning for handsverksbedrifter og entreprenørar, spesielt i integrasjon saman med Proresult.
- Brukarvenleg bankavstemming for dei som ønskjer å gjere dette sjølv
Alt dette gjer til at vi bruker mindre tid og dermed kan gje eit betre tilbod til våre kundar, slik at du som kunde sparer tid, pengar og får eit best mogeleg oppdatert rekneskap.
Kort og godt eit system som kombinerer kunstig intelligens med eit brukarvenleg system
Vil du vite meir om korleis Uni Economy kan bidra til at di bedrift sparer tid og pengar?
Ta gjerne kontakt med oss
